Åsmund Hommedal Blikås - styremedlem og fangst- og altmuligmann.

Eg har alltid vore svært glad i alle slags dyr. Eller – neesten alle… Parasittar klarar eg meg fint utan. Kort forklart er eg han voksne mannen som alle BI-studentane i Nydalen går forbi med rare blikk, fordi eg sit på huk på fortauet og plukkar opp sneglane så andre ikkje skal tråkke på dei. Det har skjedd litt for ofte at eg kjem for seint til jobb fordi eg møtte ein sjarmerande katt på veg til bussen, eller fordi eg såg ein slange som måtte reddast bort frå ein alt for trafikkert veg. Sjølv om eg er svært glad i både fuglar, frosk, grevling og kyr, så er det kattar som står meg nærast.

Då kjærasten min og eg kom til Hellvik vart vi kjende med ein heilt herleg nabokatt, som vi var så heldige at vi fekk lov til å vere ekstrafamilie for. Etter nokre år mista vi han grunna sjukdom, og vi sakna å ha ein liten pus i huset. Vi byrja å leike med tanken på å få vår eigen katt, og høyrte litt rundt før vi vart presenterte for Nesoddkatten.

 

Der møtte vi Majus, som vi vart dønn forelska i på flekken. Heldigvis meinte de at vi kunne vere ein god match for denne svært redde karen. Det var ein lang prosess for han å fyrst bli heilt trygg på oss og seinare andre, men no har vi omsider ein godklump som elskar kos, og som til og med tør å helse på framande.

Våren 2023 kontakta Kari meg med spørsmål om eg kunne tenke meg å hjelpe til med å fange inn kattar frå ein stor feral koloni her ute på Nesodden. Målet var å kastrere dei og gi dei nødvendig helsehjelp, for å unngå at endå fleir små firbeinte skulle fødast ute til eit urimeleg hardt liv som kolonikatt. Det viste seg at eg trivdest godt med dette arbeidet, så det vart etter kvart svært mange timar ute i feltet med felle, kikkert og kamera. Heldigvis var det ein fin liten gjeng som var med på dette, så eg var ikkje åleine om prosjektet. Etter kvart utvida dette arbeidet seg til andre spanande oppdrag òg, som f.eks. då vi vart kontakta om kattungar under eit hyttegolv. Nokre gonger etter å ha sete i timesvis i enten steikande sol eller bitande kulde lurar eg nok litt på kvifor eg driv på med dette. Men i det øyeblikket eg omsider har fått katten i fella går dette over i ei intens glede. Innsatsen var verd det!

Men det går diverre ikkje alltid slik som eg ønskar. Nokon gonger må ein tilsynelatande sterk og fin katt diverre avlivast fordi den er alt for sjuk, og vi har mista nokon nyfødde kattungar av ulike årsaker relatert til det harde livet som kolonikattane har. Det gjer vondt. Men då må eg tenke på at sjølv om vi mistar nokre få kattar innimellom, så er det mange fleir som har fått eit mykje betre liv som følge av dette arbeidet.

Ei av kolonikjettene, som eg kalte Busten sidan ho var så pistrete i pelsen, flytta inn heime hjå oss. Der fødde ho tre ungar, og diverre overlevde berre ein av desse dei fyrste døgna. Han fekk etter all dramatikken namnet Busteknøttet Miraculix, og endte opp som ein slags posterboy for dette koloniprosjektet. Busten bur hjå oss enno, og ho og Majus har blitt svært sterkt knytte til kvarandre. Så her skal ho bli.

Eg ser på meg sjølv som ein kombinert fangst- og altmuligmann som gjer det som skulle trengast til ei kvar tid. Dukkar det opp eit uventa problem set eg meg gjerne ned for å prøve å pønske ut ei løysing på dette. Eg takka ja til plassen i styret for Nesoddkatten, i håp om at eg skal kunne bidra til at organisasjonen veks seg sterkare, slik at vi kan hjelpe endå fleir kattar.